Artister
Program
Nyheter
Informasjon
Marked ↗
Frivillig ↗

Under Stjernone - Hildegunn Riise les dikt og dagboknotatar av Olav H. Hauge

Når skodespelar Hildegun Riise og jazzmusikarar legg ut på turné med tekstar av diktaren Olav H. Hauge, er det også lov å felle ei tåre…

-Mange set stor pris på, og har sterke kjensler knytta til det han har skrive, seier Riise som gler seg til Igjen å møte publikum med dette programmet.
Det svært populære programmet har fått namnet ”Under stjernone” og det er bassist Edvard Askeland som har sett musikk til dikta. I bandet spelar også Per Jørgensen (trompet), Eivind Aarset (gitar) og Terje Isungset (slagverk). Hildegun Riise og Edvard Askeland presenterte sitt Olav H. Hauge-program første gong på Vossa-jazz i 2005. Året etter var prosjektet på ein 3 vekers turné i Sør-Norge for Rikskonsertane. Det vart ei magisk forestilling som vart svært godt motteke av publikum.

Hauge (1908-1994) som heile livet budde i Ulvik, vert rekna som ein av dei største norske lyrikarane. Han skaffa seg tidleg kunnskap om verdspoesi og språk. Dikta hans, som ofte tek utgangspunkt i det nære og i naturen, gjev både innsyn og utsyn. Forfattarskapet er møtt med internasjonal interesse og dikta er omsett til fleire språk. – Hauge er ein av dei diktarane ein aldri vert ferdig med. Det handlar om dei små detaljane og dei store livsgåtene som følgjer ein gjennom livet. Eg oppdagar stadig nye skattar hjå Hauge. ”Under stjernone” er ikkje berre ei reise i diktinga hans, men også i eit menneskeliv, seier skodespelaren.