Program
Nyheter
Artister
Informasjon

Linda Eide og Sjur Hjeltnes: Språkmoro

Linda Eide og Sjur Hjeltnes gjorde suksess under Sildajazz i 2019 og 2020. Under parolen «Språk er sjov!» gyv no Linda Eide laus på språklege fenomen, kuriositetar og historier. Ho hyllar og herjar med vår språklege kvardag, og byr inn til språkleg påfyll i ein hyggeleg og eksamensfri atmosfære! Pianist Sjur Hjeltnes sørgjer for musikalsk og verbal bækking av ypparste slag.Det handlar om mysteriet skarre-r, om kvifor det er akkurat høna me plukkar med kvarandre, om Kjartan Fløgstad sine språkblomar, om kjerringa med staven, om den fyrste song, og om kvifor me ikkje lenger kallar ein spade for ein spade, med meir og etcetera!