Tubesnakes er eit bluesrockband frå Stord som har vore aktiv i bluesmiljøet i Noreg i over 30 år. Bandet har gjeve ut fem plater, der dei to siste har blitt gjeven ut på bandet sitt eige selskap TS Records. Bluesrockarane har i løpet av tre tiår spelt på utallige konsert-, klubb- og festivalscenar i Noreg og USA. Reisinga over dammen skulle føra til eit langvarig venskap og musikalsk samarbeid mellom Tubesnakes og Randy Pavlock, ein texaner som fleire gonger har gjort atlanterhavsreisa over til Noreg for å spreia texasbluesens glade bodskap; Somme gonger i eigen regi, andre gonger i lag med Sunnhordlendingane.
Påsken 2023 tok difor bandet turen over til College Station i Texas for å spela inn låtar til den planlagde langspelaren «Navasota TX». Innspelinga vart gjennomført i Randy Pavlock sitt eige studio, der Pavlock hadde produsentansvaret. Albumet ber namnet «Navasota TX», heimbyen til Pavlock, og den er å rekna som ei feiring av årelangt venskap, musikalsk samarbeid- og forbrødring på tvers av landegrenser, språk og sjø. Tubesnakes ser fram til å få presentera ei ny plate for publikum.
Bandet består av:
Rolf Martin Haldorsen gitar og vokal
Per Kenneth Hauan Tangentar
Johnny Stensletten bass
Per Inge Stensletten trommer
Dette arrangementet er i regi av Haugsund Bluesklubb og har egne billetter. Obs. begrenset antall!