Program
Nyheter
Artister
Informasjon

Babettes Gjestebod - Ragnhild Gulbrandsen og Nils Økland

Søn. 30. okt. 19:00
Kulturkirken Skåre
Kjøp billett

Opplev den kritikerroste framsyninga med skodespelar Ragnhild Gudbrandsen og musikar Nils Økland.

Denne sanselege historia fortel om ein raus kjærleik til livet og medmenneska og den set vårt syn om utanforskap i eit granskande lys. Stoffet har ein opnande kvalitet som stimulerer til refleksjon og glede.

Duoen fortel: Me har ønska oss å spele denne framsyninga i kyrkjene. Frå vår ståstad utgjer desse romma ei særleg eigna ramme for å samlast om beretninga om Babette, som etter å ha vore prisgjeve andre si barmhjertigheit etter eit langt liv på flukt, får høve til å gje tilbake. Ho vinn i det store lotteriet og i staden for å gripe sjansen til å få eit liv i fridom og komfort, legg ho alle sine ressursar i å gje.

Karen Blixens novelle «Babettes gjestebod» er kjend som ei forteljing om menneskeleg toleranse. Stig Amdam har regi på denne inderlege monologframsyninga. Ragnhild Gudbrandsen har dramatisert stykket og omsett det til nynorsk. Nils Økland som var festivalmusikar under Sildajazz i 2021 medverkar musikalsk.

Av Karen Blixen

Dramatisering og skodespelar Ragnhild Gudbrandsen
Regi Stig Amdam
Musikk og musikkarangement Nils Økland
Produsert av Det Vestnorske Teater og HiHat management.